Mannskapslugar Fuglø

Uke 4 og 6 oppheldt eg meg på Fuglø. Der fikk eg i oppgåve å innreie mannskapslugaren.

Det vart bestemt at eg skulle føre material- og tidsbruk på prosjektet, samstundes som eg skulle lage arbeidsteikningar og generelt ha eit godt oversyn. Eg planla å bruke 4 timar på planlegginga, det gjekk i boks, 60 timar på utføringa, eg endte opp på 60,5 (!), og 2 timar til dokumentasjonen.

Det var lite å basere seg på etter brannen som hadde hatt sitt utspring i byssa. Så Endre Lund ringde på førehand til den gamle skipperen på båten, Normann Nilsen, for å høyre om korleis lugaren, byssa og skipperlugaren så ut.

Ein lyt klare seg med den plassen ein har. Mannskapslugar til venstre, skipper til høyre.

Ein lyt klare seg med den plassen ein har. Mannskapslugar til venstre, skipper til høyre.

Det hadde allereie blitt lagd dørk inne i byssa, og rommet var blitt fordelt i 3. Mannskapslugaren var på 1,3 x 2,5 meter, og den eine halvmeteren gikk med til dør, så det var ikkje rare plassen å byggje køyeseng og nattbord på.Veggene har me dekt med TGV-panel, slik som det var. Opphavleg var det òg eit lag med Korea-panel/Kina-panel utpå TGV’en, montert i ettertid. Dette tek me stilling til ved ei seinare anledning.

Det skulle vere to smale køyer over kvarandre, med ein bredde på 60 cm, og ein lengd på 190 cm. I fotenden, mot døra, var det eit skott med ein avrunda hjørnestolpe. Vangane på kvar køye var rette, og med ein list som stikk ut 5 mm på utsida, og er slett på innsida. På hovudenden var det ein stolpe som vangane hang i, som gjekk opp til taket.1 start (3)

Under køyene var det 2 skuffer, ein til kvar gut. Dei var relativt store, og skulle romme det skulle vere med ut på ein tur. Rundt skuffene og under vangen var det kledd med ståande TGV panel.

Frå casingveggen og inn til senga var det eit nattbord. Dette skulle vere litt lågare enn vangen. Det skulle vere ståande TGV, med to små skuffer øverst og ein skapdør under. Alle frontane skulle dekkjast med Huntonit.  Til slutt skulle det vere ein slingrelist på toppen. Det var fleire år sidan Normann hadde vore i båten, og alle måla var teken ut av minne, så ein lyt ta dei med ein klype salt. Eg slo òg opp i Bådebygning-boka for tips og reglar, og målte opp lugaren på Kjartan, for å sjå korleis det var gjort der.

Her kjem skuffane inn

Her kjem skuffane inn

Eg byrja med å sette opp reisverket til senga. Eg bestemde posisjonen til hjørnestolpen og arbeidde meg ut frå der. Dei fleste flatane sto i ein vinkel eller hadde svai, så det måtte brukast skjønn ved plassering. Mot veggen festa eg ein list som sengebotnen skulle liggje på. Den ble skrudd med skruver som ble forsinka og skjult, for å tole vekta av ein eventuell diger kar. Ellers skulle det brukast spiker. Eg lagde ferdig skottet som var to lag TGV panel, og skulle til å sette

øverkøya

øverkøya

det opp før eg forsto at eg ikkje ville ha moglegheit til å få inn noko meir materiale om eg gjorde det. Så det vart tilpassa og sett til side. Rundt sengebotnen og skuffane bygde eg opp med lekter, og eg sagde ut ein L-forma plank på kvar side av skuffa, som ho skulle gli på. På framenden av skuffa var det ei list, som skuffa måtta løftast over, for å hindre den i å flyge ut i rom sjø. Sengebotnen besto av 4 tverrliggjande lekter på 5×3 cm som kvilte mot ei list på båe sida, og over der langsliggjande rupanel.

Oppretting av feil.

Oppretting av feil.

Vangane lagde eg ut av eit båtbord av furu, som vart kappa på to meter, og høvla 25 cm bredt og 2 cm tjukt. Vangane skulle fellast inn i hjørnestolpen på den eine sida, og stolpen på hi. Eg handhøvla det fint, knakk kantane og sett det fast. Da først hugsa eg at det skulle kome ei eikelist oppå, så då tok eg sirkelsaga og saga av ein 3 mm på toppen. Eikelista målte 3 cm i breidda og var ein centimeter tykk. Den skrudde eg fast med fine messingskruver. Så var det

Bæring under sengebotn. Lekta er skrudd fast i veggen, og skruane skjult.

Bæring under sengebotn. Lekta er skrudd fast i veggen, og skruane skjult.

berre å kle igjen botnen av senga, og gjere det fint rundt skuffene. Så var senga ferdig.

Nattbordet ble sett opp med lekter og rupanel som bordflate, alt festa i senga og veggen. Det ble laga plass til to små skuffer, og mot senga kledde eg innsida av skapet så det skulle bli fint. Skapdøra ble laga av panel spikra med krøkja spiker mot 2 lekter på baksida.

Til slutt laga eg 4 skuffer. Eg hadde måla frå skufferamma, og brukte disse til å lage skuffer

ramma til nattbordet

ramma til nattbordet

som skulle passe fint. Sidene ble sinket saman, fort og enkelt gjort på bordsirkelsaga, og botnen som var 1 cm tykk ble låst inne i eit frest spor. Botnen sto ein centimeter opp i skuffa for å gjere plass til hakket kor skuffa skulle stoppe mot lista i botn. Alt passa fint, og Huntonitfront og handtak kjem i neste omgang.

På tidsforbruk sida traff eg særs godt, og material forbruket trur eg var riktig, men det er

Skuffane passa

Skuffane passa

vanskeleg å berekne siden eg mista det arket undervegs. Neste gang vil eg bruke enda meir tid på planlegginga, for å spare tid på utføringa. Det er også rom for forbetring med tanke på dødtid. Det er eit stykke å gå frå verkstaden til flytebryggja, og har man ikkje med alt ein treng da, kan ein bruke mykje unødvendig tid.

Klar til å skrues

Klar til å skrues

Saga i rett dimensjon

Saga i rett dimensjon

Ferdig høvla bord

Ferdig høvla bord

Advertisements

2 thoughts on “Mannskapslugar Fuglø

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s