Vindauga på Fuglø

Eg er trebåtbyggjarlærling hjå NNFA, i Gratangen i Troms. Denne bloggen bruker eg for å sette ord på kva eg gjer, for eiga læring. Om nokon andre òg finn bruk i han, er det dobbelt så bra.


 

I desember/januar arbeidde eg med vindauga til byssa på Fuglø. Dei skulle lagast av eik, og passe godt inn i stålcasingen.

Det er mykje godt språk å finne i nynorsk, interessant er det òg, så her kjem nok ein tekst på morsmålet.

Eg byrja med å måle opp stålramma som vindauga skulle stå i. Alle var i ulik storleik, det var ikkje store skilnaden, men eg bestemde meg for å lage vindauga i ulik storleik òg. I Delebanken fann eg fram eit vindauge frå ein gamal båt for å sjå på dimensjonar og samanføyingar. Dimensjonen på vindaugsramma var 3×4,5 cm, hadde fresa profil, og i slissen var profilen kontrakilt i topp- og botnramma. Vi valde å gå ned til 2,8×4 cm, og ettersom vi ikkje har nokon bordfres blei det skarpare profil og handlaga sliss og tapp.

Edita (3)

Måla på casingen. Vindauga vart markert med BBF, SBB osb.

Eg teikna opp vinduagsramma og karmen. Alle mål vart skrive opp i millimeter, og flatene teikna med fas, for å sleppe vatnet. På innsida av karmen var det fresa eit spor til foringa på 8×8 mm. Til vindaugsglaset rekna vi med 2 millimeter, og for å feste det skulle det brukast linoljekitt, og utapå der ei trelist. Til saman 13 millimeter til falsen. Eg fann også ut kor stor klaring eg skulle ha, både mellom ramme og karm, og karm og casing. Edita (2) Så var det material. Eg var så heldig å få nytta ein gamal hudplank av eik, gitt til oss frå RS “Biskop Hvoslef”. Alderen gjer at planken er stabil, eik har ein uvane med å slå seg mykje. Det var ikkje høve for at noko så presist som eit vindauge skulle slå seg for mykje. Vi var 3 mann som bar inn planken frå lageret. Den tunge eikeplanken hadde roteskader på oversida, eg trudde det var enden på visa. Men eika er ein hardhaus, og toler mykje vér. Rota hadde ikkje gått lengre enn 3-4 millimeter inn. Eg sagde opp så mykje eg trengde på overmål og la planken inn i ‘tørkerommet’ vårt. Der skulle han få liggje og slå seg så vrang som han berre ville over helga.

Edita (4)

Eik! Roteskadar og små sprekker. Ingen gjekk langt inn.

Eg laga meg ein test som eg tok med opp til kontoret for å sjekke at alt var på stell, med klarsignal, gode tips og ein blå kaffikopp byrja eg.

Edita (1)

Ingenting er som finsnekring på vinterstid.

Eg var litt usikker først, så eg ville prøve eit vindauge til å byrje med.

Editbb (1)

Her er emne saga til ein “L”-form, og foringa fresa inn med overfresen. Spon har pakka seg i sporet.

Eg tok 4 emne og høvla to av sidene plan og 90° på avrettaren.  Så sagde eg ut ein boks med bordsaga. Deretter var det å sage ut falsen som karmen skulle komme inn i. Eg fresa foringa med ein overfres. Fasen handhøvla eg, og så var det berre å felle det i hop. Ettersom det var ein fas (ei skråflate) med i bilete, kunne eg ikkje bruke bordsaga til å felle det i hop. Så eg fikk god øving i bruk av tappjarn og bakksag. Alle lengdene vart kappa i rett dimensjon, så eg hadde kun eitt forsøk på fellinga. Eg tykte at det så bra ut, og laga dei tre siste karmane i eitt.

Edita (7)

Prøven ligg i bakgrunnen, laga i gran.

På endane måtte det dessverre øydeleggjast noko, fordi det var ein sveis i kantane eg måtte ta omsyn til. Det hamnar på innsida og kjem ikkje til å synast til slutt. Innsida av karmen, mot casingen, fresa eg kvartstaffprofil på, så den skulle ligge godt mot det bøygde stålet.

Editbb (2)

For å ta omsyn til sveis og bøygde kantar på stålet brukte eg overfres med forskjellig fresestål.

Alt vart sett saman med messingskruar som eg forsenka og forborra. Messingskruane bryt tvert av om du ikkje har gjort godt nok forarbeid i den harde eika. Eg skrudde dei eit stykke inn med maskin, og tok resten for hand.

Editbb (7)

Jay har ei fin samling gamle verkty, slik som denne skruvtrekkaren.

Så var vindaugsramma kome for tur. Her bestemde eg meg for serieproduksjon og brukte noko tid på å finne ein effektiv måte å lage dei på med det verktyet vi hadde. Eg starta med avrettaren på alle emna, for så å gå på bordsaga. Til samanføyinga gjorde eg ein jig til sirkelsaga.

Editbb (10)

Alt høvla og klart for saging.

Editbb (8)

Boksen er ferdig saga, og no står falsen til glaset for tur.

Torstein's "sage-på-endeved"-jig

Torsteins “sage-på-endeved”-jig. Eg ville laga den høgare neste gong, for meir kontroll. Dette er ein kontrollert og trygg måte å bruke sirkelsaga til finurlege ting på. Hadde eg skulle saga større emne, ville eg laga ein tapp i jiggen som gikk i sporet på anlegget til saga.

Endeved-jigen fungerte særs godt. Det var berre å tappe ut tappen med eit tappjarn, så var alt klart. Endane var kutta på rett lengd, og det viste seg at det at vindauga var i forskjellig storleik ikkje hadde så mykje å seie, tidsmessig, når eg likevel måtte gjere så mykje for hand. Så var det berre å handhøvle fasen, for å så sette alt saman. Eg festa det med trenagle, òg av eik.

Editbb (14)

Samanføyning, festa med trenagle, slik som det var gjort på dei gamle vindauga eg såg på.

Vi hadde bestilt flotte messing-hengslar for å setje dei saman. Dei vart tappa inn og festa med messingskruver. Editc (3) Editc (1) Glaset hadde vi bestilt ferdig utskore i riktig storleik. Det vart lagt oppå eit lag med linoljekitt, og eg masserte det inn i kitten for hand. For å feste glaset brukte vi eikelister, spikra fast i ramma med dykkertspikar.

Editd (3)

Vi hadde ikkje nokon glas til overs, så spikringa av lista vart gjort varsamt.

Editd (5)

Overflødig kitt skrapa bort.

Editd (1)

Forborra i list

Editd (2)Editd (7) No manglar berre monteringa. Det kjem til å skje på eit seinare tidspunkt. Meir bilete da.

Advertisements

One thought on “Vindauga på Fuglø

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s